Oselvar m/segl. 410 mm. Skala 1/15

Nydeleg byggjesett av noregs nasjonalbåt i skala 1/15. På lager både i bydn og på Os ;)

PrisNOK1 490,00 inkl. mva.
På lager: 4 stk.
Lagerstatus:
På lager: 4 stk.
Artikkelnr.:
601-0300

Produktinfo

Tusen års båtbyggjar tradisjon, frå vikingskip til kyst-fiskebåtar.

På 1800-talet var oselvaren den dominerande båttypen mellom fiskarane på heile hordalandskysten, og etter den store omveltinga i fiskeria kring førre hundreårsskifte, då fiskarane byrja ta i bruk større båtar som dei sette motor i, var det berre Os og Strandebarm som overlevde som båtbyggjarbygder i Hordaland.

Oselvaren er ein smekker robåt, mjukt bygd av tynne materialar og berre tre bordgangar. Han har vore kjend som ein særs lett robåt og snøgg seglar, og i tillegg som ein trygg båt. Det vert framleis skipa til kappsegling – med eigen noregsmeisterskap – for oselvarar.

I 2009 gjennomførte Redningselskapet ei avstemning der Oselvaren blei kåra til "Noregs nasjonalbåt".

Vår modell er av originalen, ein Oselvar færing, frå 1928. Den blei for første gang vist og fekk gullmedalje på landsutstillingen i Bergen i 1928. Denne utgaven er utstyrt med seglbenkar akterut som gir betre sitjeplass, spesielt under seglas.

Byggesettet av modellen har en skala på ca. 1:15, med ein lengde på 410 mm. Båten vært levert med mast og segl.